Tilgjengelighetserklæring
Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenMeny
Kyrkjene
Elektronisk melding
Vi tek i bruk elektronisk melding til dåp, vigsel og konfirmasjon.
Ved å nytte denne vil du kunne sjå dei sundagane det er dåp og sjølv registrere dei aktuelle opplysningane. Du vil så bli kontakta av kyrkjekontoret. Ved ønske om vigsel kan du legge inn ønsket dato og kyrkje.
Konfirmasjonspåmelding vil vere tilgjengeleg i annonserte periodar.
Tovdal kyrkje
Vesle vakre Tovdal kyrkje
Idyllisk til, på Hillestad, vis a vis Hillestad Galleri i Tovdal, ligg Tovdal kyrkje, ei av dei minste i landet.
Den vesle raudmåla kyrkja vart landskjend i 1964 då ho etter ein hard bygdestrid vart måla kvit, slik ho er i dag.
Det er ei høgreist lita kyrkje, bygd som langkyrkje av lafta tømmer i 1820 og har omlag 130 sitteplassar.
Ho kan minne om ei stavkyrkje, og liknar truleg den gamle, endå mindre kyrkja som då vart rive.
Tovdal kyrkje vart vigsla 4.mars 1827 av prost Gyldenpalm i Holt.
Det er gudstjeneste i Tovdal kyrkje ca. 6 ganger i året.
Alterparti med skriftestol. Tovdal kyrkje var enkelt utstyrt, og alteret var pryda med ein kross måla 1848 av Kittel Kittelsen Sørum frå Tinn i Telemark. Dette vart restaurert 1932, og krossen kom på plass att, etter at eit anna alterbilete hadde hatt denne plassen i fleire år. (Biletet under)
Alterbilete frå altertavla. "Oppstoda" måla av Rasmus Strømme, innvigd i 1929.
Biletet er ein kopi av Adolph Tidemans alterbilete i Mandal kyrkje.
Dette alterbiletet heng no på veggen i koret.
Døypefat og font er frå 1600–talet.
Ljosekrona
Preikestolen
Tovdal kyrkjegard
*********
Ei raudmåla Tovdal kyrkje
Tovdal kyrkje var etter ho vart bygd truleg sett inn med ljos tjøre, men dette var ikkje "malning". I 1837 har dei så hatt raudfarge –erde– i tjøra. Riksantikvaren hevda etter undersøking i 1932 at kyrkja opphaveleg var måla med engelsraud farge. Kyrkja har då vekselsvis vore raud og kvit, men vart i 1964 måla kvit slik ho er i dag.
Kjelde: "Vesle vakre Tovdal kyrkje" av Kåre Rudjord
Foto: Finn Krafft, Riksantikvaren
KALENDER
onsdag 23 oktober
Ã…POS
søndag 27 oktober
Ã…mli kyrkje
Lenker
Kontaktinfo
Åmli sokn
4865 ÅMLI
Tlf. 90 71 73 40
Mob: 94 16 30 84 (kirkeverge)
amli.kyrkje@amli.kommune.no
LITT AV KVART
Her finn du oss: |
|
Åmli kyrkje frå ein ny vinkel! Sjå video laga av Svein Mortensen
|