Åmli sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Gravferd og kyrkjegard

Elektronisk melding

Vi tek i bruk elektronisk melding til dåp, vigsel og konfirmasjon.
Ved å nytte denne vil du kunne sjå dei sundagane det er dåp og sjølv registrere dei aktuelle opplysningane.  Du vil så bli kontakta av kyrkjekontoret. Ved ønske om vigsel kan du legge inn ønsket dato og kyrkje.
Konfirmasjonspåmelding vil vere tilgjengeleg i annonserte periodar.

Vedtekter for kyrkjegardane i Åmli

Vedtekter for gravplassene i Åmli kommune 

Jf. lov av 7.juni 1996 nr. 32, sist endra 01.07.2012 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravferdslova) § 21.

Vedteke av Åmli kyrkjelege fellesråd 26.05.2004

Godkjent av Agder–og Telemark bispedømeråd 27.07.2004

Revidert og vedteke av Åmli kyrkjelege fellesråd 12.11.2014

Godkjent av Agder–og Telemark bispedømeråd 17.12.2014

 

§ 1  GRAVPLASSTILHØYRING

Avlidne personar i Åmli kommune kan gravleggast på den gravplassen i kommunen som ein måtta ønskje.

Dette gjeld også sjølv om avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i eit anna sokn eller i ein anna kommune mot slutten av livet. 

Avlidne personar frå andre kommunar kan gravleggast i kommunen mot at kostnadene ved gravferda og at feste av grav blir betalt. 

 

§ 2  FREDINGSTID

Fredingstid for både kistegrav og urnegrav er 25 år. Dette vil seie at ei freda grav ikkje kan nyttast om att før fredingstida er gått ut. Også på ein familiegravstad med to eller fleire gravar festa ved sida av kvarandre, kan berre dei unytta gravene takast i bruk i fredingstida. Det er høve til å sette ned urne i kistegrav i fredingstida.

Gjøvdal kyrkjegard: Felt D er stengt. Felta A, B, C og E er bare tillat nytta til urnegravar, men felt A kan nyttast i avgrensa omfang til kistegrav (gjenbruk), men ikkje på terrassane.

 

§  3 FESTE AV GRAV

Når kistegrav vert teken i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter godkjenning av kyrkjeleg fellesråd, feste for ei ekstra grav i tillegg når det er bruk for det. Desse gravene utgjer da ein gravstad.

Når det blir oppretta ei ny grav, skal det ikkje betalast festeavgift for de første 25 åra.


Dersom det reserverast ei grav ved sidan av (dobbeltgrav) betalast der festeavgift på denne for 10 år av gongen.

Ved bruk av urnegrav, kan ein ikkje feste grav ved sida av.

Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye 5 eller 10 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan samtykke frå kyrkjeleg fellesråd. I god tid før festetida er ute, skal festaren varslast.

Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til gravplassen.

Ingen kan gravleggjast i festa grav utan samtykkje frå festaren. Dersom festaren sitt samtykke ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd ta avgjerd i spørsmål om gravlegging. Festaren pliktar å melde frå om endring av adresse.

 

§  4  GRAV OG GRAVMINNE

Ved opning av grav, kan jord leggjast på kringliggjande gravar, og gravutstyr kan mellombels flyttast.

Gravplasstilsette vil sørgje for planering og tilsåing av grava etter gravlegging. Montering av gravminne kan fyrst skje etter at kyrkjeverja har tilvist plass og godkjent gravminnet, og tidlegast etter at jordhaug er fjerna og grava planert. I mellomtida vil gravplasstilsette merke grava med  namn på den avlidne.

På ny festa gravstad vert gravminnet sett opp i bakkant av den grava som er teke i bruk, og blir ståande der i festetida.

Det er festars ansvar å halde gravstaden og gravminnet slik at det samsvarer med vedtektene for gravplassane, og mellom anna sørgjer for at gravminnet ikkje representerer veltefare.

 

§  5  PLANTEFELT

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje vere breiare enn breidda på gravminnet, men kan i alle høve være opp til 60 cm i breidda. Det kan ikkje stikke lenger fram  enn 60 cm, målt frå bakkant av gravminnet. Det kan ikkje plantast vekstar som er høgare enn gravminnet eller som går ut over plantefeltet.

Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein steinkant, som er jamt med terrenget rundt. Innramming av grava eller deler av den med hekk, jern eller anna material som stikk opp over bakken er ikkje tillat. Ved oppsetjing av blomsterbukettar skal det nyttast ein eigna behaldar. Glass er ikkje tillat. Det er ikkje høve til å bruke faste dekorgjenstander som blomsterurne, lykt, dekorstein o.a. i plantefeltet. Det er høve til å tenne stearinlys på grava, men slike og andre lause dekorgjenstander må fjernast etter bruk.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

 

§  6  PLANTEMATERIALE

Plantar, kransar og anna materiale som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav, og som endar som avfall, skal i sin heilhet vere kompostérbart.

 

§  7  STELL AV GRAV

Einkvar ansvarleg/festar for grav har rett og plikt til å stelle den grav han har ansvar for. Plantefelt som ikkje vert planta og stelt skal tilsåast av den ansvarlege eller av gravplasstilsette.

Kyrkjeleg fellesråd kan syte for årleg planting og gravstell mot forskottsbetaling.

 

§  8  GRAVSTELLSAVTALE

Ved innbetaling av ein bestemt sum, frå ansvarleg festar, vil kyrkjeleg fellesråd overta ansvar for planting og stell av gravstaden. Gravfond forvaltast av kyrkjeverja. Den innbetalte sum med tillegg av rente skal dekkje kostnader ved vanleg gravstell så lenge avtala gjeld, men ikkje lenger enn festetida varer. Det vert oppretta ein  gravstellsavtale i kvart einskild høve. 

Dersom midlane ikkje strekk til i avtaleperioden, skal kyrkjeverje gje melding om dette til den ansvarlege eller festaren. Det er då høve til auke kapitalen slik at det rekk tida ut. Om kapitalen ikkje vert auka, vil stell ta slutt når midlane er bruka opp.

Dersom det er midlar att av stelleavtalen når tida er ute, kan desse brukast av kyrkjeleg fellesråd til planting e. l. på gravplassen. 

Gravstellsavtalane vert forvalta felles, men kyrkjeverja fører eiga rekneskap for kvart fond, som vert revidert årleg av offentleg godkjent revisor. Det er høve til å rekne provisjon for administrasjon og revisjon av fondsmidlane.

NB: § 8 er utgått.

 

§  9  BEVARING AV SÆRSKILT GRAV

Definisjon av bevaring av særskilt grav

Verna grav på gravplassane i Åmli kommune definerast ved at kyrkjeleg fellesråd gjer særskilt vedtak om vern. Verna grav vert avmerka i gravregisteret.

Underretning om bevaring av særskilt grav

Før kyrkjeleg fellesråd gjer vedtak om vern av grav, skal festar gi si tilslutning til at det skjer. Grav vert ikkje verna dersom festaren ikkje ønskjer det.

Åmli fellesråd har vedteke vern av gravminner på gravplassen i Gjøvdal;  Gjøvdal kyrkjegard.

Viser til Verneplan for gravplassen i Gjøvdal; Gjøvdal kyrkjegard av 06.05.2013, vedteke av Åmli Fellesråd 28.08. 2013.

*For gravminne og anna utstyr på grav som er verna og som er i privat eige, er det gjort skriftleg avtale med eigaren (festar) om vern. Ved eigarskifte må det gjerast ny avtale. Avtale om vern inneber at:

       –gravstaden kan brukast etter retningsliner som gjeld for gravplassen

       –det er ikkje høve til å endre/bytte ut gravminnet

 

Tillegg:

  • Gravlegging i bevaringsverdig grav

Verna grav kan nyttast til kiste– og urnenedsetting på følgjande vilkår:

–          at gravstaden har  registrert festar og festeavgift er betalt.

–          at gravutstyret ikkje vert flytta, endra eller erstatta av nytt materiell.

 

Tilføying av namn

Tilføying av namn på verna gravminne kan skje på skriftflata eller på baksida. Dersom det ikkje er meir plass, kan namn og då setjast på ei liggjande plate av same materiale og utsjånad som gravminnet. Storleik og plassering skal i kvart enkelt høve godkjennast av kyrkjeleg fellesråd ved kyrkjeverja.

Tilsyn og vedlikehald

Festar av verna grav har plikt til å føre tilsyn med og vedlikehalde gravutstyret. Gravutstyr på verna graver, som ikkje lenger skal festast, går etter avtale med festaren over i gravplassens eige, og kyrkjeleg fellesråd er ansvarleg for tilsyn og vedlikehald. 

Krav til gravminne

Det skal leggast vekt på materialbruk, form og storleik dersom det opprettast nye festeavtaler i området som er vedtatt bevart, slik at det nye gravutstyret i størst mogeleg grad harmonerer med det som er verna.

 

§  10  BÅREROM

Bårerom disponerast av kyrkjeleg fellesråd og skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykke frå den som sørgjer for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette.

 

§  11  NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande, som ønskjer å drive verksemd på gravplassen, skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyve kan kallast attende, dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan bare omfatte montering og vedlikehald av gravminne, samt planting og stell av graver.

Gravplasstilsette kan ikkje mot godtgjersle utføre tenester for private eller næringsdrivande. Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer og tenester som har med gravplassen å gjere.

 

 

 

 

KALENDER

onsdag 24 april
ÅPOS
Åmli kyrkje

Lenker

Kontaktinfo

Åmli sokn

4865 ÅMLI
Tlf.   90 71 73 40
Mob: 94 16 30 84 (kirkeverge)

amli.kyrkje@amli.kommune.no

LITT AV KVART

Her finn du oss:

Åmli kyrkjelege fellesråd

Gjøvdal kyrkje

Tovdal kyrkje

Åmli kyrkje

http://www.amli.kirken.no/img/./sos-krisetelefon-stor.png

 


 

http://www.amli.kirken.no/img/./VideoFraOven.PNG

Åmli kyrkje frå ein ny vinkel!

Sjå video laga av Svein Mortensen

 


http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/Daapsklubben_TrippTrapp_logo.jpg

http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/IKO-logo.jpg